Rock on!
Lærarane ved Stryn og Eid vgs. har starta på eit IKT-studium. Ei av dei første oppgåvene var å opprette ein studieblogg - og her er den.
fredag 26. november 2010
Kanskje noko å ha med i arbeidskrav 3?
Takk til http://lk-theroadnottaken.blogspot.com/ for ein god latter!
torsdag 25. november 2010
Samling 3 - Vi lærer stadig nye ting.
søndag 14. november 2010
Arbeidskrav 2
Arbeidet med arbeidskrav 2 har på fleire måtar vore meir krevjande enn arbeidskrav 1. Berre det å skulle diskutere arbeidskravet var vanskeleg, med nye omgrep og namn å halde styr på. Det vart fleire nye namn som ”Wiigo”, ”Diki”, osb. Vi merkar at det er mykje å halde styr på og det gjeld å halde tunga rett i munnen!
Vi sette oss ned og skulle diskutere på Wiki kva tags vi skulle ha i Diigo, men denne diskusjonen har vi ikkje funne tilbake til sidan. Kvifor dette skjedde, veit vi ikkje sikkert. Ein teori er at eg har klikka litt for mykje rundt omkring. Då eg skulle redigere menyen i margen til høgre i Wikien vår, vart menyen plutseleg vekk. Eg fekk panikk, men kom på at eg kunne gå tilbake til tidlegare versjonar. Eg trudde eg hadde ordna opp i det og logga ut. Neste gong eg logga inn på Wikispaces var debatten vi hadde hatt vekk. Dette var skikkeleg frustrerande! Når tek studiet i tillegg til jobb, og gjerne 100%, er det ikkje lett å finne tid til å møtes i løpet av ein hektisk skulekvardag, men til slutt måtte vi sette oss ned og diskutere på ”gamlemåten”.
I arbeidet med Wikien vår, delte vi oss inn i ulike delemne under hovudtemaet ”Ungdom og medievanar”. Eg skreiv hovudsakleg om sosiale medier, men bidrog og sjølvsagt i dei andre sine artiklar – både ved å skrive og ved å finne kjelder. Vidare vel eg difor å fokusere på sosiale medier og ulike tankar eg har gjort meg om desse.
Då eg skreiv om sosiale medier, las eg ein artikkel, ”Privat 2.0. – mot økt åpenhet og ønsket nettsynlighet”, skrive av Petter Bae Brandtzæg. Der skriv Brandtzæg kor populære nettsamfunn er i Noreg. Over halvparten av Noregs befolkning er medlem i eitt eller fleire nettsamfunn. (Brandtzæg og Lüders 2008 i Brandtzæg 2009) Som lærar i ein digital kvardag har eg lett for å sjå berre det negative med slike nettsamfunn. Ja, Facebook er eit forstyrrande element i skulekvardagen. Dette kjem eg ikkje til å endre syn på, til tross for at det finst mange oppgåver der ein legg opp til å bruke Facebook i skulefaga. Eit døme på dette finn de her: http://ndla.no/nb/node/11676
Likevel trur eg nok at eg som lærar kan verte flinkare til å lære elevane om dei nye spelereglane som er komne med nettsamfunna og den nye måten å kommunisere på. Brandtzæg seier følgjande: ”De nye spillereglene krever (…) At vedkommende opparbeider en kritisk vurderingsevne for hva man kan publisere og ikke (digital kompetanse), og i tillegg evner å gi sin digitale identitet positive assosiasjoner (nettsmart).” Kva ein legg i det å ha digital kompetanse og vere nettsmart har endra seg. Tidlegare vart ein oppmoda om å lage fiktive namn og ikkje oppgje personlege opplysningar på nettet. No er det stadig fleire som ser fordelen av å vere synleg på nettet. ”Nettsynlighet fører med seg mange fordeler som økt tilgjengelighet, sosial kontakt, positiv egenreklame og bedret informasjonstilgang, også i jobbsammenheng,” hevdar Brandtzæg. Dersom ein som lærar klarar å vidareformidle dette til elevane, vil ein kanskje lære dei opp til å få eit meir bevisst forhold til internett generelt, og nettsamfunn og blogging spesielt. Det er nemleg skremmande å sjå kva enkelte ungdommar legg ut i ulike sosiale medier!
Blogging er ein del av studiet vårt, og i dette arbeidskravet har eg sett spesielt på det dei kallar ”rosabloggar”. Eg har ikkje lukkast i å finne ein formell definisjon på dette fenomenet, men Thomas Moen har følgjande definisjon på ein rosablogger: ”En jente i relativt ung alder som bruker bloggen sin til å fortelle verden hva hun har på seg, hva slags sminke hun foretrekker samt hvor kjedelig skolen er, da kun dette og ingenting annet.” (http://blogg.frankeivind.net/2009/06/30/hva-har-ida-wulff-som-ikke-jeg-har/)
Kvifor har dette fenomenet oppstått? Cathrine Tømte og Morten Søby bekrefter i sin artikkel ”Å vokse opp digitalt” at det er ein stor forskjell mellom gutar og jenter når det gjeld teknologi. Gutar er først og fremst meir på internett enn jentene. Dei er også meir erfarne internettbrukarar. Jentene brukar meir digital kommunikasjon, dvs. sms, e-post, sosiale nettverk og blogging. Ser ein på ei topp 100 liste over dei best populære bloggane i Noreg, ser ein at det er ei overvekt av jentebloggarar som toppar lista. Går ein innom bloggane og ser kva dei skriv om, ser ein at fleirtalet er opptekne av motar, styling og kva som skjer i kvardagen – ikkje ulikt rosablogg-definisjonen til Moen. Eg vil hevde at sjølve rosablogg-fenomenet er ein mote. Immitasjon er den øvste form for smiger, og dei unge jentene som les rosablogger finn tema som engasjerer og inspirerer dei, og vil sjølve prøve å gjere det like bra – eller betre. Reklamebransjen hiv seg på, noko som gjev reklameinntekter til bloggerane. Når ein høyrer om suksesshistorier som til dømes bloggeren Voe, som starta og blogge som 14-åring og no er eit kjent fjes i musikk- og mote-Noreg, er det ikkje rart unge jenter rundt om i Noreg har lyst på ein bit av verda hennar.
Sosiale media er eit tema eg finn svært interessant. På den eine sida er eg som lærar utruleg lei av å heile tida måtte kjempe mot Facebook og andre nettsamfunn og chattesider, men på den andre sida er eg fascinert av fenomenet ”sosiale medier”. At noko så uskuldig kan vere så farleg og så nyttig? Forsking viser at karaktergjennomsnittet til elevane vert dårlegare på grunn av at dei ikkje klarer å bruke tida si til det den skal brukast til. Fleire vert trakassert og mobba ved hjelp av desse media. På same tid sit ”headhuntarar” og søkjer på moglege kandidatar til spanande jobbar. Då gjeld det å eksponere seg sjølv på ein positiv måte. Det positive må vel overskygge det negative? Ein kan berre håpe at elevane les dei same artiklane vi les, og ser faresignala før dei har chatta seg ut av skulen. Er det ingen som går på skulen for å lære?
Kjelder:
Petter Bae Brandtzæg (2009): http://deltemeninger.no/-/page/show/2818_privat-2-0?ref=mst (14.11.10)
Cathrine Tømte og Morten Søby (2009): http://deltemeninger.no/-/page/show/2819_aa-vokse-opp-digitalt?ref=mst (14.11.10)
http://ndla.no/nb/node/11676 (14.11.10)
http://voe.blogg.no/ (14.11.10)
Abonner på:
Innlegg (Atom)