torsdag 25. november 2010

Samling 3 - Vi lærer stadig nye ting.

I dag har vi lært å bruke ulike webbaserte hjelpemidlar. Klikk på bilete for å sjå "gloggen" min.

søndag 14. november 2010

Arbeidskrav 2

Arbeidet med arbeidskrav 2 har på fleire måtar vore meir krevjande enn arbeidskrav 1. Berre det å skulle diskutere arbeidskravet var vanskeleg, med nye omgrep og namn å halde styr på. Det vart fleire nye namn som ”Wiigo”, ”Diki”, osb. Vi merkar at det er mykje å halde styr på og det gjeld å halde tunga rett i munnen!
Vi sette oss ned og skulle diskutere på Wiki kva tags vi skulle ha i Diigo, men denne diskusjonen har vi ikkje funne tilbake til sidan. Kvifor dette skjedde, veit vi ikkje sikkert. Ein teori er at eg har klikka litt for mykje rundt omkring. Då eg skulle redigere menyen i margen til høgre i Wikien vår, vart menyen plutseleg vekk. Eg fekk panikk, men kom på at eg kunne gå tilbake til tidlegare versjonar. Eg  trudde eg hadde ordna opp i det og logga ut. Neste gong eg logga inn på Wikispaces var debatten vi hadde hatt vekk. Dette var skikkeleg frustrerande! Når tek studiet i tillegg til jobb, og gjerne 100%, er det ikkje lett å finne tid til å møtes i løpet av ein hektisk skulekvardag, men til slutt måtte vi sette oss ned og diskutere på ”gamlemåten”.
I arbeidet med Wikien vår, delte vi oss inn i ulike delemne under hovudtemaet ”Ungdom og medievanar”. Eg skreiv hovudsakleg om sosiale medier, men bidrog og sjølvsagt i dei andre sine artiklar – både ved å skrive og ved å finne kjelder. Vidare vel eg difor å fokusere på sosiale medier og ulike tankar eg har gjort meg om desse.
 eg skreiv om sosiale medier, las eg ein artikkel, ”Privat 2.0. – mot økt åpenhet og ønsket nettsynlighet”, skrive av Petter Bae Brandtzæg. Der skriv Brandtzæg kor populære nettsamfunn er i Noreg. Over halvparten av Noregs befolkning er medlem i eitt eller fleire nettsamfunn. (Brandtzæg og Lüders 2008 i Brandtzæg 2009) Som lærar i ein digital kvardag har eg lett for å sjå berre det negative med slike nettsamfunn. Ja, Facebook er eit forstyrrande element i skulekvardagen. Dette kjem eg ikkje til å endre syn på, til tross for at det finst mange oppgåver der ein legg opp til å bruke Facebook i skulefaga. Eit døme på dette finn de her: http://ndla.no/nb/node/11676
Likevel trur eg nok at eg som lærar kan verte flinkare til å lære elevane om dei nye spelereglane som er komne med nettsamfunna og den nye måten å kommunisere på. Brandtzæg seier følgjande: ”De nye spillereglene krever (…) At vedkommende opparbeider en kritisk vurderingsevne for hva man kan publisere og ikke (digital kompetanse), og i tillegg evner å gi sin digitale identitet positive assosiasjoner (nettsmart).” Kva ein legg i det å ha digital kompetanse og vere nettsmart har endra seg. Tidlegare vart ein oppmoda om å lage fiktive namn og ikkje oppgje personlege opplysningar på nettet. No er det stadig fleire som ser fordelen av å vere synleg på nettet.  ”Nettsynlighet fører med seg mange fordeler som økt tilgjengelighet, sosial kontakt, positiv egenreklame og bedret informasjonstilgang, også i jobbsammenheng,” hevdar Brandtzæg. Dersom ein som lærar klarar å vidareformidle dette til elevane, vil ein kanskje lære dei opp til å få eit meir bevisst forhold til internett generelt, og nettsamfunn og blogging spesielt. Det er nemleg skremmande å sjå kva enkelte ungdommar legg ut i ulike sosiale medier!
Blogging er ein del av studiet vårt, og i dette arbeidskravet har eg sett spesielt på det dei kallar ”rosabloggar”. Eg har ikkje lukkast i å finne ein formell definisjon på dette fenomenet, men Thomas Moen har følgjande definisjon på ein rosablogger: ”En jente i relativt ung alder som bruker bloggen sin til å fortelle verden hva hun har på seg, hva slags sminke hun foretrekker samt hvor kjedelig skolen er, da kun dette og ingenting annet.” (http://blogg.frankeivind.net/2009/06/30/hva-har-ida-wulff-som-ikke-jeg-har/)
Kvifor har dette fenomenet oppstått? Cathrine Tømte og Morten Søby bekrefter i sin artikkel ”Å vokse opp digitalt” at det er ein stor forskjell mellom gutar og jenter når det gjeld teknologi. Gutar er først og fremst meir på internett enn jentene. Dei er også meir erfarne internettbrukarar. Jentene brukar meir digital kommunikasjon, dvs. sms, e-post, sosiale nettverk og blogging. Ser ein på ei topp 100 liste over dei best populære bloggane i Noreg, ser ein at det er ei overvekt av jentebloggarar som toppar lista. Går ein innom bloggane og ser kva dei  skriv om, ser ein at fleirtalet er opptekne av motar, styling og kva som skjer i kvardagen – ikkje ulikt rosablogg-definisjonen til Moen. Eg vil hevde at sjølve rosablogg-fenomenet er ein mote. Immitasjon er den øvste form for smiger, og dei unge jentene som les rosablogger finn tema som engasjerer og inspirerer dei, og vil sjølve prøve å gjere det like bra – eller betre. Reklamebransjen hiv seg på, noko som gjev reklameinntekter til bloggerane. Når ein høyrer om suksesshistorier som til dømes bloggeren Voe, som starta og blogge som 14-åring og no er eit kjent fjes i musikk- og mote-Noreg, er det ikkje rart unge jenter rundt om i Noreg har lyst på ein bit av verda hennar.
Sosiale media er eit tema eg finn svært interessant. På den eine sida er eg som lærar utruleg lei av å heile tida måtte kjempe mot Facebook og andre nettsamfunn og chattesider, men på den andre sida er eg fascinert av fenomenet ”sosiale medier”. At noko så uskuldig kan vere så farleg og så nyttig? Forsking viser at karaktergjennomsnittet til elevane vert dårlegare på grunn av at dei ikkje klarer å bruke tida si til det den skal brukast til. Fleire vert trakassert og mobba ved hjelp av desse media. På same tid sit ”headhuntarar” og søkjer på moglege kandidatar til spanande jobbar. Då gjeld det å eksponere seg sjølv på ein positiv måte. Det positive må vel overskygge det negative? Ein kan berre håpe at elevane les dei same artiklane vi les, og ser faresignala før dei har chatta seg ut av skulen. Er det ingen som går på skulen for å lære?

Kjelder:
Petter Bae Brandtzæg (2009): http://deltemeninger.no/-/page/show/2818_privat-2-0?ref=mst (14.11.10)
Cathrine Tømte og Morten Søby (2009): http://deltemeninger.no/-/page/show/2819_aa-vokse-opp-digitalt?ref=mst (14.11.10)

torsdag 7. oktober 2010

1. arbeidskrav - 2. innlegg

Kort refleksjon over min læringsprosess i arbeidet med arbeidskravet.
Allereie dagen etter vi hadde vore på 1. samling sat eg meg ned og såg om eg fekk til å kome meg inn på Google docs og om eg hugsa det vi hadde gjort – og det gjorde eg! Seinare fekk eg bruk for Google docs då ein elev hadde fått seg ny data, og ikkje hadde fått installert skriveprogram. I staden for å bruke engelsktimen til å installere Office-pakken eller OpenOffice, viste eg eleven korleis ho kunne bruke Google docs og kome i gong med skrivinga med ein gong. Gjett om eg vart stolt over at eg kunne noko elevane ikkje kunne! J
I arbeidet med arbeidskravet har eg nok blitt sikrare. I starten var eg sikker på at det ville forsvinne når ein bevega seg frå Google docs, til andre nettstadar og tilbake, men etter kvart vart dette meir automatisert. Å setje inn bilete, endre bakgrunn, o.l. er prosessar eg har vore innom før, og kjenner meg trygg på. Å byggje inn presentasjonen i blogginnlegget er noko eg har erfaring med, så dette baud ikkje på dei store utfordringane. 
Alt i alt har dette vore ein grei ting å lære, med tanke på at elevar stadig vekk kjem og seier at dei ikkje har skriveprogram på data. At ein då med berre nokre få tastetrykk kan få tak i Google docs, i staden for å bruke lang tid på nedlasting, er nyttig. Likevel er eg skeptisk til om det er noko ein kan gjere i ein reell klasseromssituasjon, i og med det tek så lang tid når fleire er inne på det same dokumentet og at det blir krøll med innlasting av bilete og video. Det er synd, for det er genialt at ein kan søkje direkte frå youtube.com og få videoane inn på presentasjonen. At ein kan jobbe med dette i mindre grupper, til dømes på yrkesfag, er i høgste grad sannsynleg. Det er alltid motiverande å lære noko nytt, og ved at elevane deler dokumentet med meg, vil eg kunne ha større kontroll på kva som vert gjort og ikkje.

1. arbeidskrav - 1. innlegg

Kort skildring av arbeidet med oppgåve A

Gruppa som samarbeida om arbeidskravet består av engelsklærarar, så det var logisk at vi tok eit læreplanmål under dette faget. Grunnen til at vi tok eit mål frå vg1, er at alle klassane i vg1 har engelsk – både studiespesialiserande og yrkesfag. Vi kunne difor bruke dette i alle vg1-klassar.

Vi starta arbeidet ved å møtes og diskutere korleis vi ville gjere arbeidskravet. Når vi hadde gjort det, skiltest vi og kom i gong med diskusjon og deling av lenkjer og bilete på Google docs. Også denne gongen opplevde vi problem med at arbeidet gjekk seint og at vi gjerne måtte gjere same prosessen fleire gongar pga. at vi alle tre var inne på dokumentet på same tid. Dette er ein frustrasjon som gjer at det ikkje er freistande å bruke Google docs i ein reell klasseromssituasjon.

Likevel, vi heldt fram med å diskutere og gjekk over til presentasjonsverktyet. Der laga vi sidene og samarbeidde om avslutninga. Vi kunne nok gjort meir ut av presentasjonen reint fagleg sett, men meinte at det var viktigast at vi viste at vi kunne å bruke Google docs. Det å setje inn video gjekk rett og slett ikkje, til tross for gjentekne forsøk på å setje inn. (Dette gjekk heller ikkje på samlinga.) Grunnen til dette er uviss, men det tok også veldig lang tid å setje inn bilete. Kanskje det har noko med serveren å gjere?


tirsdag 7. september 2010