mandag 24. januar 2011

Arbeidskrav 3

Endeleg er det siste arbeidskravet innlevert og modulen er fullført!

Sjølve arbeidet med dette siste arbeidskravet kom seint i gong. Eg hadde det summande i bakhovudet, men grunna mange andre gjeremål, vart det ikkje festa til papiret før det nesten var for seint. Anne Serine Heggdal og eg sette oss ned og diskuterte oss fram til del 1. Vi diskuterte også moglege problemstillingar, og kom fram til at "klipp og lim" var særleg vanleg i vårt fag - engelsk. Etter dette gjekk vi kvar til vårt, og fekk det ned på papiret. Det hadde vore spanande og lese hennar produkt, men det kan sikkert også føre til fleire irritasjonsmoment grunna eigne manglar, så det er kanskje like greitt å ikkje falle for freistinga.

Eg delte undervisningsopplegget ved å legge det her på bloggen, samt sende melding til alle i Engelsk-gruppa på Del&Bruk. Det var kjekt og nyttig med tilbakemelding, og det gjorde at eg tenkte igjennom og endra noko før innlevering. Ikkje alle kommentarane nemnde ting som var relevante og naudsynte å endre på i forhold til arbeidskravet, men det sette i alle fall fart på tankane og idèane før neste undervisningsopplegg.

Det var ikkje lett å skrive denne oppgåva - delvis grunna vanskeleg oppgåveformulering, og delvis grunna vidt emne. Dersom de skal ha denne modulen igjen, ville eg difor ha sett meir på formuleringa og gjort den enklare å tolke. No kan ein berre håpe på at ein har tolka oppgåva riktig og at ein får godkjent det siste arbeidskravet.

Takk for no, og så skal de ikkje sjå bort ifrå at de kjem fleire blogginnlegg frå meg i framtida!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar